Musikk
60 studiepoeng
Innledning
- Studiets oppbygging
- Se også studiekatalogen
Dette er eit studium som tar sikte på å gjera studentane kvalifiserte for å arbeida som musikklærarar i grunnskolen. Gjennom studiearbeidet vil studentane tileigna seg ein allsidig kompetanse i musikk og i musikkopplæring.
Studiet byggjer på Musikk 1, 2 og 3 i Rammeplan for 4-årig allmennlærarutdanning (KUF 1998).
Studiet består av
- Emne 1: Grunnemne, 30 sp (Basic Module)
- Emne 2: Teori, 15 sp (Theory)
- Emne 3: Utøving, 15 sp (Music Performance)
Det blir lagt til grunn at studentane gjer seg kjende med innhaldet i denne fagplanen.
Mål
Studentane skal
- gjennom arbeid med musikalske aktivitetar, dans og didaktisk refleksjon utvikle kompetanse i å planlegge, gjennomføre og vurdere musikkundervisning i samsvar med læreplanverket for grunnskolen.
- utvikle dugleik i og kunnskap om dei ulike disiplinane i musikkfaget
- kunne leie og samarbeide om musikalske aktivitetar og kunne arbeide med musikk som ein del av tema- og prosjektarbeid.
- skaffe seg kjennskap til musikk som kulturuttrykk og samfunnsfenomen før og no
- skaffe seg forståing for og erfaring med musikk som skapande verksemd
- utvikle forståing for faget sin estetiske dimensjon.
Arbeidsformer
Studiet går over 2 semester.
I gjennomføringa av studiet vil det vere naturleg å bruke forskjellige organiseringsformer som t.d. undervisning i heilklasse, halvklasse, i grupper og individuell undervisning. Undervisninga blir gjennomført i form av førelesingar, praktiske musikkaktivitetar, gruppearbeid, prosjektarbeid o.l. Særleg vil gruppearbeid, både lærarstyrt og studentstyrt, vere ein sentral arbeidsmåte både i praktiske og teoretiske emne.
Mange musikkaktivitetar og musisering generelt vil krevje at studentane innstiller seg på ei kollektiv arbeidsform med gjensidig ansvar for gjennomføringa. Studentane blir tildelte oppgåver som dei skal løyse individuelt eller i samarbeid med andre og leggje fram i klassen eller i mindre grupper. Studentane vil få erfaring med arbeidsformer som er aktuelle i grunnskolen/barnehagen
Det kan vere aktuelt med ekskursjonar til miljø eller institusjonar der det er musikkpedagogisk verksemd og andre kulturaktivitetar av særleg interesse. Ei veke av studieåret vil undervisninga vere flytta til Ole Bull-Akademiet på Voss. Reise og opphaldsutgifter i samband med denne veka må studentane betale sjølve. Kurset i norsk folkemusikk på Ole Bull Akademiet på Voss er ein obligatorisk del av studiet. Studentar som ikkje kan delta på kurset, vil bli pålagde alternativt arbeid innan emnet, eller må reise i lag med ei anna studentgruppe.
Det blir lagt til grunn at studentane brukar høgskolens studiestøttesystem, It´s learning.
Det er også aktuelt å bruke ulike dataprogram som er aktuelle for musikk og musikkopplæring.
Praksis
Studenten skal i løpet av studiet gjennomføre 5 vekers obligatorisk praksis i musikkfaget i grunnskolen. I dansefaget er forprøva knytta til første praksisperiode, og i musikkdidaktikkfaget vil studentane få ei semesteroppgåve som knytter seg til praksis. Ein må derfor pårekne fagleg for- og etterarbeid i samband med praksis. Det er ei føresetnad at praksis er bestått for at studenten skal få gå opp til eksamen. Studentar som ikkje får godkjent den obligatoriske praksisen, må gjennomføre ny praksisperiode.
Praksis er ein obligatorisk del av studiet. Praksisopplæringa vurderas etter skalaen bestått/ikkje bestått. Bestått praksisperiode er eit vilkår for vitnemål i studieeininga.
Vurderingsformer
- Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. I emna Musikkorientering, Høyrelære, Komponering og Arrangering og i Bruksinstrument er det mogleg å søkje om fritak frå obligatorisk frammøte på fagleg grunnlag. Studentar som ynskjer å søkje om fritak frå obligatorisk undervisning, må be om å få framstille seg til ein prøve hos faglærar ved oppstarten av studiet.
- Godkjent studiedeltaking er ein føresetnad for å kunne gå opp til eksamen i dei enkelte emna. Godkjend studiedeltaking inneber høg frammøteprosent (minst 80%), presist frammøte og aktiv deltaking. Studentar som står i fare for ikkje å få godkjent deltaking, skal få skriftleg melding om dette på It's learning fortløpande
- For å få gå opp til eksamen må studentane ha fått godkjent alle forprøvar. Kvart emne har sine eigne planar og prosedyrar knytt til ein eventuell utsett forprøve.
Internasjonalisering
Griegakademiet ved Høgskolen i Bergen har utvekslingsavtale med utdanningsinstitusjonar i Danmark, Portugal, Spania, Island, Sverige, Finland, England, Tyskland, USA, Australia, Hellas og Østerrike.
Det er mogleg å søkje om å få ta inntil 3 md av studiet ved ein av desse institusjonane. Studentar som ønskjer studieopphald ved ein utanlandsk samarbeidsinstitusjon som del av studiet, må søkje om dette snarast moglegog seinast ved starten av haustsemesteret.
Internasjonal kontaktperson for musikk er Torunn Bakken Hauge.
Videre utdanning
Studentar som har 60 studiepoeng musikk og gjennomført obligatorisk del av allmennlærarutdanning (120 sp), kan søkje om opptak til mastergradsstudiet i musikkpedagogikk ved Høgskolen i Bergen.
Database oppdatert: 23.05.2013
