• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

Idrett

60 studiepoeng

Innledning

Det er føresett at studentane set seg inn i denne studieplanen. Studieplanen består av ein felles del (denne) og ein del for kvart av dei følgjande emna:

  • Emne 1: Idrettspedagogikk og -psykologi. Fagdidaktikk 1. 10 sp
  • Emne 2: Rørslelære og anatomi 10 sp
  • Emne 3: Treningslære og fysiologi 10 sp
  • Emne 4: Leik, idrett, dans, friluftsliv og fagdidaktikk 30 sp

Studieplanen for Idrett 60 sp tar utgangspunkt i Rammeplan for allmennlærarutdanninga frå 2003 fastsett av Utdannings- og forskingsdepartementet, og forheld seg til LK06.

Kjernen i idrettsfaget er studiet av menneskekroppen, utviklinga av kroppen, læring av rørsler og teknikkar og den verdi rørsle og ulike idrettskulturar har i undervisning og oppdraging av born og unge. Livsutfalding gjennom forskjellige former for leik, dans, idrett, friluftsliv og rørsler i kvardagen utgjer grunnlaget for faget. Idrett og kroppsøving er forankra i ein praktisk og erfaringsbasert kunnskaps- og dugleikstradisjon. Studiefaget idrett skal både formidle og utvikle kunnskap om rørsle, kunnskap i rørsle og kunnskap om oppdraging gjennom rørsle. Vitskaplege fagområde som idrettsvitskap, naturvitskap, samfunnsvitskap og humaniora og forsking om leik, dans og friluftsliv dannar grunnlag for valet av arbeidsmåtar og fordjupingar i det praktiske lærestoffet.

Studiet skal særleg kvalifisere studentane for å leggje til rette for elevane si læring slik at faget vert ei positiv oppleving for alle og er tilpassa den einskilde sine behov og føresetnader. Det er også eit mål å stimulere til varige aktivitetsvanar hos studentane.

 

Mål

Studentane skal kunne:
- vise at dei meistrar eit breitt utval av motoriske aktivitetar og leikar
- bruke erfaring frå friluftslivsaktivitetar sommar og vinter, på og ved sjø og vatn, i skogen og i fjellet
- meistre grunnleggjande teknikkar i leikar, idrettar og dans som er relevante for grunnskulen
- symje, utføre hjarte-lungeredning og gjennomføre livredningsprøve.
- vise kunnskap om korleis kroppen er bygd opp og funksjonerer, og om fysisk vekst og motoriske utvikling hos born og unge
- gjere greie for grunnleggjande prinsipp i rørslelære og kunne analysere rørsler og stillingar i kvardagsaktivitetar og idrett
- gjere greie for grunnleggjande prinsipp i treningslære, og kunne utarbeide treningsopplegg for seg sjølv og born og unge
- formidle samanhengen mellom fysisk aktivitet og helse
- leggje til rette for tilpassa trening og opplæring for elevar med ulike fysiske og psykiske føresetnader
- gjere greie for psykologiske, pedagogiske og didaktiske forhold knytt til kroppsøvingsfaget i skulen og praktisk idrettsarbeid
- gjere greie for kroppsøvingsfaget i grunnskulen: mål, innhald, arbeidsmåtar og vurderingsformer
- utarbeide grunngjevne planar for undervisning og læring i kroppsøving
- vurdere og leggje til rette læringsmiljø som stimulerer allsidig påverknad, rørsleglede, utforskartrong, kreativitet og samarbeid
- formulere problemstillingar og gjennomføre, dokumentere og vurdere sjølvalde faglege og fagdidaktiske utviklingsoppgåver med relevans for kroppsøving i grunnskulen og idretten
- oppsummere samanhengar mellom teoretisk og praktisk opplæring i faget
- skape forståing for fysisk aktivitet som ein del av norsk kultur
- vurdere og ta omsyn til etiske forhold knytt til tilrettelegging for likeverdig og tilpassa opplæring
- ha endrings- og utviklingskompetanse for å kunne vere med og endre kroppsøvingsfaget i skulen

Innhold

Praktisk-metodiske kurs i leik, i mange idrettar og friluftsliv utgjer ein stor del av studiet. I desse kursa får studentane innføring i rørslemåtar og teknikkar knytt til dei ulike aktivitetsformene og idrettane, og dei får øve på å utvikle sin eigen dugleik. Samtidig får dei undervisning i metodar for opplæring og øving i dei ulike teknikkane. Dei fleste av desse kursa er oppdelt i økter på 2-3 timar og går føre seg ved og i nærleiken av Avdeling for lærarutdanning. Kursa i friluftsliv vert derimot avvikla som samanhengande kurs over fleire dagar med overnatting utanfor Bergen. Skikurset går over 9 samanhengande dagar i Hemsedal i vårsemestret.

Det teoretiske grunnlaget ligg i treningslære og fysiologi, og rørslelære og anatomi og idrettspedagogikk, - psykologi. Fagdidaktikk 1. Undervisninga i desse faga legg til rette for forståing av dei praktiske aktivitetetane.

I arbeidet med prosjektoppgåva skal studentane kunne gå djupare inn i eit avgrensa område knytt til kroppsøvingsfaget i skulen eller idretten generelt, og granske det ved hjelp av vitskaplege metodar.

 

Arbeidsformer

I studiet vert det lagt stor vekt på det praktiske innhaldet samtidig som teoretisk kunnskap, refleksjon og vurdering vert trekt inn og integrert.

Den timeplanfesta undervisninga utgjer 15-20 timar i veka og består av praktisk arbeid i samla klasse eller mindre grupper og av teoriundervisning. Studentane får tilbod om rettleiing knytt til praktisk arbeid i idrettane og friluftsliv, til emna i teorifaga, i samband med eigentrening av aerobt uthald og med prosjektarbeid. I tillegg føreset ein at studentane yter sjølvstendig arbeidsinnsats i form av sjølvstudium, eigentrening, gruppearbeid og liknande, slik at samla arbeidsmengd tilsvarer ei normal arbeidsveke.

Praktiske kurs går konsentrert over kortare periodar samstundes med teoriundervisning og andre praktiske kurs. Delar av undervisninga i friluftsliv og heile skikurset går som forflytta undervisning over fleire dagar.

I teorifaga er det forelesingar, demonstrasjonar og gruppearbeid. I tillegg er det ein føresetnad at studentane brukar studiestøttesystemet "It´s learning" aktivt.

I samband med eigentreninga får studentane låne og lære å bruke pulsklokke.

 

Praksis

Praksis er lagt inn i studieløpet og utgjer 60 timar undervisning og 30 timar rettleiing per gruppe. Praksis er organisert slik:

  • Punktpraksis: 2 dagar i veka over 6 veker i haustsemestret. Punktpraksis inneber planlegging og gjennomføring av undervisning under rettleiing av ein øvingslærar. Førebuinga til praksis vert gjennomført i emne 1. Etter praksis vert det eit obligatorisk praksisseminar.
  • Skuledeltaking: 1 veke i vårsemestret. Dette er eit prosjekt der dei aktuelle skulane har sett av ei veke til fysisk aktivitet og idrett. Studentane går inn som ein del av lærarstaben på skulen. I tillegg til gjennomføring av veka, kjem førearbeid i form av eit informasjonsmøte på høgskulen, og to samarbeidsmøte med lærarane på dei respektive skulane. Etter skuledeltakinga vert det eit obligatorisk praksisseminar.
  • Spesialpedagogisk praksis: 2 veker i haustsemesteret. Her er studentane med på opplegg ved ulike institusjonar i Sør-Noreg. Det kan vere ved rehabiliteringssenter, på vinteraktivitetsveker for psykisk funksjonshemma og ved skular for fysisk funksjonshemma. Førebuinga til praksis vert gjennomført i emne 1 og 4. Etter praksis vert det eit obligatorisk praksisseminar.

Nærare informasjon om praksis vert gitt i starten av haustsemestret. Bestått praksis er ein føresetnad for å få studieeininga godkjend.

Vurderingsformer

Obligatoriske arbeidskrav

Alle obligatoriske arbeidskrav og forprøver vert vurdert til Bestått / Ikkje bestått. Bestått forprøve / arbeidskrav gjev rett til å gå opp til eksamen. Sjå kvar einskild emneplan.

Studentane har rett på to forsøk på alle forprøver.

Eksamen

  • Individuell munnleg eksamen i Emne 1 i slutten av haustsemesteret.
  • Individuell skriftleg eksamen i Emne 2 i slutten av vårsemesteret.
  • Individuell skriftleg eksamen i Emne 3 i slutten av vårsemesteret.
  • Individuell praktisk eksamen i tre sjølvalde idrettar i Emne 4.

Eksamenane i dei fire emna vert vurdert med bokstavkarakterar A-F. Eitt av emna har ekstern sensur kvart år. Dette går på omgang mellom emna. Alle eksamenar må vere bestått for at studieeininga skal godkjennast.

Internasjonalisering

Idrettsseksjonen har avtale med Kennarahaskoli Islands i Reykjavik http://www.khi.is/english om utveksling av studentar. Det er mogleg å få godkjent eit opphald på 3 månader i haustsemestret. Då må ein følgje undervisninga i ulike emne på Bachelorstudiet i idrett etter avtale med idrettsseksjonen. For meir informasjon ta kontakt med Frøydis Hausmann eller Oddrun Hallås.

Videre utdanning

Det er mogleg å søkje seg inn på andre året av Bachelorstudiet i idrett etter dette kurset så langt det er ledig studieplass.

Database oppdatert: 22.05.2013