• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

Drama

60 studiepoeng

Innledning

2012

Det vert forventa at studentar ved studiet gjer seg kjende med innhaldet i denne fagplanen.

Dramafaget hentar opp og gir perspektiv til tradisjonar og nye uttrykk frå eit variert og levande kulturliv. Drama er eit kunstfag med stor fagleg breidde, retta inn mot både undervisnings- og kultursektoren. Kombinasjonen av det kunstnarlege og det pedagogiske utgjer kjernen i kunstfaget drama.For å ivareta alle sider ved faget, er ein del av undervisninga knyta til ein ekskursjon til utlandet. Studentar som vel å ta studiet, må vere innstilte på å delta på denne ekskursjonen, samt sjølv dekkje kostnadene for reise og opphald. Vitjing i teater inngår som ein viktig del av studiet. Studentane må sjølv betale for billettar til dei framsyningane som er knytta til undervisninga.Studiet har 4 emne. Fagplanen består av ein felles del og ein for kvart emne.Emne 1: Innføring i fagfeltet drama 15 spEmne 2: Drama og dans i eit historisk perspektiv 15 spEmne 3: Drama og utviklingsarbeid 15 spEmne 4: Teaterarbeid 15 sp

Emne 1 og 2 ligg i haustsemesteret 2012. Emne 3 og 4 ligg i vårsemesteret 2013. Ved å følgje peikaren for det kullet du går i, vil du finne beskriving av dei einskilde emna.

 

Mål

Studiet skal førebu for undervisning i grunnskolen og kultursektoren gjennom å utvikle kunnskap og dugleik i drama som kunstfag, undervisningsemne og arbeidsmåte.

Studentane skal etter avslutta studium kunne:
- meistre ulike former for spel
- gjere greie for fagtradisjon, fagteori og fagdidaktikk
- utvikle og leie dramaarbeid og dans for ulike målgrupper
- produsere teaterframsyningar
- analysere og vurdere dans/drama/teateruttrykk

Innhold

Undervisninga byggjer på kunnskap om dramafaget sine røter: pedagogikk, leik og teater. Dans er óg ein sentral komponent i faget. Val av lærestoff og arbeidsformer tek utgangspunkt i faget sin eigenart og funksjon i skolen og samfunnet. Oppleving og kunnskap i relasjon til dei estetiske aspekta skal gje grunnlag for ein analytisk og kritisk tenking i faget.

Innhaldet i studiet er konsentrert omkring 5 hovudområde. Desse hovudområda vil dels overlappe kvarandre og dels byggje på kvarandre:

Dramatiske uttrykksformer
Eiga uttrykksevne, spel- og dansekompetanse og kjennskap til det særeigne ved dramatisk formspråk er nødvendig for å kunne legge til rette for drama og danseundervisning.Fokus i dette hovudområdet er på læring, erkjenning og utvikling gjennom dramatisk uttrykk.

Utforskande dramaarbeid
Samspel mellom tanke, kjensle og handling er karakteristisk for utforskande dramatisk arbeid. I den utforskande dramaprosessen ser ein nærare på den tematiske og estetiske dimensjonen. Utforskande dramatisk arbeid rører seg i spenningsfeltet fiksjon/røyndom.

Teaterarbeid
Teaterarbeid omfattar innføring i og arbeid med dei ulike sidene ved ein teaterproduksjon.
Eksperimentering med dramatiske verkemiddel, dramaturgiske modellar og teater- og danseformer har ein sentral plass og vil gjere synleg forholdet mellom spelestil, dramatisk form og innhald. Kritisk refleksjon og analyse fokuserer på skodespelarkunst og kunnskap om teater som uttrykksform.

Fagteori
Målområdet peiker ut særtrekk ved og samanhengar mellom den dramatiske leiken, drama/dansefaget og teaterkunsten. Kunnskap om teateret sine konvensjonar og teateret si historie er grunnpilarar i faget. Teateret si rolle i kulturlivet inngår og i dette hovudområdet.
Det teoretiske fundamentet er grunnlag for praktisk arbeid og kritisk refleksjon og er eit viktig utgangspunkt for studentane si utvikling i faget, og deira forståing av tilhøvet mellom teori og praksis. Studentane vil få innføring i arbeid med FoU.

Fagdidaktikk
Fagdidaktikk er ein integrert del av det praktiske arbeidet. Både i sjølve studiet og i undervisningspraksisen vert evna til didaktisk refleksjon i faget utdjupa og utfordra. Studentane skal tilegne seg kompetanse til å planleggje, gjennomføre og vurdere eigen praksis i relasjon til teori. Fagdidaktikken er óg knytta opp til drama-og dansearbeid med barn og unge.

Organisering

Drama er eit kunstfag som i stor grad er basert på kollektive, skapande prosessar. Den utforskande og eksperimenterande sida ved faget har klare parallellar til barn sin leik, samt til forsking og kunstnarisk verksemd.

Arbeidet med faget består mellom anna av å leggje fram fagstoff for medstudentar for respons og diskusjon, av praktiske oppgåver, praktiske øvingar og arbeid i grupper. Sentral kunnskap og meistring i dramafaget kan ikkje tileignast ved eigenstudier. Studiet føreset difor at studentane må vere tilstades i alle emne og prosjekt. Eventuelt fråver utover totalt 20% av oppsett undervisnings- / prosjekttid, uansett årsak, fører til at studenten ikkje kan gå opp til eksamen i emnet. . Studiet krev sjølvstende av studentane, og delar av pensum må lesast som på eigen hand. Studentane skal og arbeide med lærestoffet gjennom kollokviegrupper som dei sjølv organiserer. Ekskursjonen er ein viktig del av studiet.

Undervisninga går over eitt studieår. Den er organisert i emnerekkjefølgja 1- 4 og vekslar mellom storklasse og gruppedeling. Studentane vil få erfaring med arbeidsformar som ein kan bruke i skole og barnehage. I undervisninga nyttar ein elles ulike lærings- og arbeidsformer:

Forelesingar og demonstrasjonsundervisning
Faglærarane gir forelesingar og leier korte grunnkurs som ei innføring i studieemne og problemområde. Dersom det er mogeleg vil studentane få observere og analysere dramaarbeid med elevar.

Arbeid med drama- og danseforløp

Faglærarane arbeider praktisk med studentane. Stoff frå dei ulike hovudemna vert knytta til gjennomgang av drama- og danseforløp. Arbeidet skal gi studentane både deltakarerfaringar og planleggingserfaringar.

Scenisk produksjon og formidling
Studentane må ta del i prosjekt som fører til framsyning. Dette kan vere prosjekt med utgangspunkt i ferdige tekstar, sjølvproduserte tekstar eller anna inspirasjonsmateriale. Prosjekta kan vere teatrale- / danseproduksjonar.

Studentstyrd verkstadarbeid
Studentane arbeider her vidare med stoff frå dei ulike studieemna, prøver ut eigne opplegg, innstuderer program, scener, små spel, lager kontentum o.a. Organiserte studentstyrde verkstader er ein del av opplæringa og gir studentane trening i å leie ulike drama- og teateraktivitetar ut frå gitte kriterium. I løpet av året skal studentane i gruppe planlegge og gjennomføre eit opplegg med dei andre studentane.

Prosjektarbeid og seminar
Modulane vert delt inn i periodar. I mange av desse arbeider ein med prosjekt der fleire studieemne er integrerte. Utgangspunktet for eit slikt prosjekt kan vere ein idé, eit tema eller eit studieemne. I alle høve er det eit mål å finne samsvar mellom innhald og uttrykksform. Seminar og/eller temadagar i samband med prosjekt vert arrangerte i samråd med studentane.

Studenten sitt eige prosjekt
Kvar student skal arbeide med eit valfritt, eige prosjekt. Studenten kan til dømes velje eit prosjekt frå kulturlivet/fritidssektoren. Prosjektet skal dokumenterast gjennom video, artefakter eller i skriftleg form, og inngår i studentmappa (sjå emne 3). Denne mappa skal innleverast i vårsemesteret.

Oppgåveskriving
Gjennom året skal studentane levere skriftlege oppgåver. Nokre av desse oppgåvene inngår i den einskilde studenten si mappe (sjå emne 3 ). Denne
mappa skal innleverast i vårsemesteret.
- Gruppebasert FoU-oppgåve i samband med praksis (ca.5500 ord)
- Eit dramaforløp (individuelt arbeid, ca. 2000 ord)

Digitale media
It's learning er høgskolen sitt studiestøttesystem. Det vert forventa at studentane bruker dette systemet aktivt. Systemet vil bli brukt både til informasjon, rettleiing, formidling, innlevering, respons og diskusjonar. Video og bilete kan nyttast til å dokumentere arbeidsformer og presentasjonar. Opptak skal kunne nyttast av dramaseksjonen til avgrensa undervisningsføremål.

Rettleiing og vurdering undervegs i studiet
Faglærarane vil gi rettleiing både i gruppe og individuelt i høve til skriftlege oppgåver og produksjonsprosessar. Vurdering og rettleiing undervegs i studiet er eit middel til å stimulere forståing for måla med studiet og gi impulsar til innsikt i eigne føresetnader. Medstudentar har ansvar for å ta del i den kontinuerlege, uformelle vurderinga av individuelt og kollektivt studentarbeid. Rettleiinga vil gå føre seg både direkte og elektronisk.

Prosjektperiodar vert ofte avslutta med eit møte mellom studentar og lærarar der ein summerer opp og evaluerer det arbeidet ein har teke del i. Evalueringa skal ha ein rådgjevande og pedagogisk funksjon i studiet.

Ekskursjon
Ein ekskursjon over ca. 7 dagar er lagt inn som ein del av studiet for å gi varierte inntrykk og erfaringar frå ulike fagaspekt. Studenten må sjølv dekke utgifter til ekskursjonen. Denne vert normalt lagt til utlandet, og studenten må rekne med omlag kr. 6000 i kostnader til reise, opphald og aktivitetar. Ekskursjonen ligg i vårsemesteret. Dersom ein student av ein eller annan grunn vert forhindra frå å ta del i studieturen, må studenten planleggje og gjennomføre eit alternativt opplegg over ca. 7 dagar. Ein slik plan må godkjennast av faglærar.

Materialpengar
Studieadministrasjonen krev inn kr. 250 i materialpengar frå kvar student.

Vitjing av utanlandske studentar og lærarar
Studentane må vere førebudd på at delar av undervisninga kan gå på engelsk.

Praksis

Praksis er ein obligatorisk del av studiet. Praksisperiodane skal blant anna tene til utprøving av faglege og tverrfaglege problemstillingar og kunnskapar - samstundes som erfaringar og materiale frå praksis skal danna grunnlag for vidare fagarbeid på høgskolen. Praksisopplæringa blir vurdert av øvingslærar etter skalaen Bestått / Ikkje bestått. Bestått praksis er ein føresetnad for å få vitnemål i lærarutdanninga, og for å få karakterutskrift for studieeininga godkjent som fullført.

Praksis går over 2 veker (25 timar) i vårsemesteret. I noko av praksistida (4-6 timar) skal studentane gjenta sine undervisningsopplegg i ein annan klasse enn øvingsklassen. I tillegg til hovudpraksis kjem 6 økter med punktpraksis (totalt 25 timar) i haustsemesteret, samt 25 timar rettleiing fordelt på hovud- og punktpraksis. Det er obligatorisk for studentane å ta del i fagleg og pedagogisk førebuing til og oppsummering av praksis. FoU-oppgåva er knytta til praksis og inngår i studentmappa (sjå emne 3). Denne mappa skal innleverast i vårsemesteret.

Internasjonalisering

Studentar på Drama 60 sp kan søkje om å få gjennomføre delar av dramastudiet i utlandet, dersom ein har minst 60 sp i si tidlegare utdanning. Studentar som ønsker dette må kontakte ansvarleg kontaktperson for internasjonalisering i dramaseksjonen straks ein har fått opptak til studiet. Her vil ein få informasjon om søknadsfrist og framgangsmåte. Ein kan i prinsippet reise ut både i haust- og i vårsemesteret, men fordi partnerinstitusjonane er ulike, er det naudsynt å ha eige drøftingsmøte med seksjonsansvarleg for internasjonalisering før ein søkjer om å reise ut. Seksjonsansvarleg for internasjonalisering vil hjelpe til med å finne eit studieopplegg ute som er best mogeleg tilpassa opplegget heime.

Dramaseksjonen har for tida fleire partnerinstitusjonar ein kan reise til: Yrkeshøgskolan Novia - campus Vasa (Finland), Aarhus universitet (Danmark), University of Northumbria i Newcastle (UK), FH Osnabrück i Lingen/Ems (Tyskland), Politécnico do Porto (Portugal), Griffith University i Brisbane (Australia) og Shanghai Theatre Academy (Kina). Studentar som vil reise til Australia eller Kina må vere borte minst eitt semester. Opphald ved dei andre institusjonane er minst tre månader.

Internasjonal kontaktperson er Stig A. Eriksson.

Database oppdatert: 24.05.2013