Allmennlærerutdanning
240 studiepoeng
Innledning
- Studiets oppbygging
- Se også studiekatalogen
- Curriculum in English
Allmennlærarutdanninga er ei 4-årig profesjonsutdanning. Ho byggjer på Rammeplan for allmennlærarutdanninga, fastsett 3. april 2003 av Utdannings- og forskingsdepartementet. Høgskolen i Bergen tilbyr vanleg allmennlærarutdanning og allmennlærarutdanning med vekt på musikk (musikklinje).
Fireårig allmennlærarutdanning kvalifiserer for arbeid i på alle trinn i grunnskolen og i vaksenopplæring i grunnskolefag.
Utdanninga er yrkesretta og praksisbasert. Ho tek utgangspunkt i læraren sitt arbeidsfelt, prinsippa i opplæringslova og gjeldande fagplanar for grunnskolen. Gjennom studiet skal studenten skaffe seg fagleg, fagdidaktisk og pedagogisk kunnskap og innsikt, få erfaring med skolen som læringsarena gjennom praksis, og i sitt eige refleksjonsarbeid byggje sin eigen lærarkompetanse.
Fagstudia, praksisopplæringa og studenten sine refleksjonar skal danne ein heilskap og rettast mot dei oppgåvene studenten seinare vil møte i sitt daglege arbeid som lærar. og skal fremje personleg danning hos studentane.
Organisering
Allmennlærarutdanning, eit fireårig fulltidsstudium. Omfanget av dei ulike studieeiningane er uttrykt i studiepoeng. 30 studiepoeng (sp) svarer til fulltids arbeidsinnsats i eitt semester.
Den vanlege allmennlærarutdanninga omfattar ein obligatorisk del på 120 studiepoeng og ein del som kan veljast på 120 studiepoeng.
Den obligatoriske delen har følgjande innhald:
- Pedagogikk 30 studiepoeng
- Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap 20 studiepoeng
- Norsk 30 studiepoeng
- Matematikk 30 studiepoeng
- Grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring 10 studiepoeng
Ved Høgskolen i Bergen omfattar den obligatoriske delen av utdanninga også eit kurs i drama som metode på 6 studiepoeng.
Praksisopplæring som ein integrert del av studieeiningane 20-22 veker. I samband med dei obligatoriske studieeiningane blir det organisert 14 vekers praksis.
Den delen som kan veljast:
Dei 120 studiepoenga som kan takast i valfag, fell i to kategoriar:
Minst 60 studiepoeng skal takast i fag som tilsvarer fag i grunnskolen. Faga kan vere påbygging av fag i den obligatoriske delen eller nye fag på minst 30 studiepoeng. Faga skal omfatte fagdidaktikk og til vanleg praksisopplæring. Inntil 60 studiepoeng kan vere andre skolerelevante fag av ulikt omfang.I samband med dei studieeiningane som kan veljast, blir det organisert 6-8 vekers praksis.
Praksis
Årsplan for praksis vil vise når i studieåret praksisperiodane er lagde. Studentane vil bli delte inn i praksisgrupper på fire, og plasserte på skolar i Bergen eller eventuelt kommunane rundt Bergen.
Praksisopplæringa er også omtalt i planane for enkeltfag.
Vurderingsformer
Avsluttande vurdering
Nemninga "avsluttande vurdering" vert brukt som fellesnemning på:
1. Vurdering av obligatorisk arbeid, forprøver o. l. som studentane må ha fullført med tilfredsstillande resultat for å kunne framstille seg til eksamen. Denne typen arbeid vert til vanleg vurderte av lærarane i faget.
2. Eksamen som gir grunnlag for avsluttande karakter i studieeiningane. I nokre tilfelle blir vurderinga gjort berre av intern sensor. I andre tilfelle blir vurderinga gjort av to sensorar der minst ein av dei skal vere ekstern.
Karakterane vert fastsette slik:
1. Bokstavkarakterar A-F, der A er beste ståkarakter og E dårlegaste ståkarakter. F er strykkarakter.
2. Karakterane Bestått / Ikkje bestått.
Praksis
Praksis vert vurdert med karakterane Bestått / Ikkje bestått, og karakter vert gitt etter kvar praksisperiode. Det er øvingslærar som fastset praksiskarakteren.
Vurdering av om ein student er skikka som lærar.
I følgje universitets og høgskolelova, § 42b, skal institusjonen vurdere om den enkelte studenten er skikka for læraryrket. Denne vurderinga er ei heilskapsvurdering som omfattar både faglege, pedagogiske og personlege føresetnader for å kunne fungere som allmennlærar. Vurderinga skal gjerast gjennom heile studiet. Studentar som viser vanskar med å meistre læraryrket, må så tidleg som muleg i studiet få vite korleis dei står i forhold til krava om å vere skikka som lærar. Departementet fastset forskrift med kriterium og framgangsmåtar for vurdering av om ein student er skikka som lærar. Du kan lese meir om dette her: http://www.hib.no/avd_al/skikkethet/index.htm
Vitnemål, karakterutskrift
Vitnemål om allmennlærarutdanning omfattar alle studieeiningar som studenten har fullført, og er påført dei karakterane som er oppnådd. Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan få karakterutskrift frå eksamensprotokollen som viser dei faga og modulane dei har bestått.
Dersom studentane ikkje har fullført og bestått praksisopplæringa, skal dette påførast karakterutskrifta.
Fritak og innpassing
Studentar som har bestått eksamen i ei studieeining som byggjer på rammeplan for allmennlærarutdanning ved ein annan utdanningsinstitusjon, har automatisk rett til fritak frå eksamen i vedkommande studieeining.
Studentar med tidlegare utdanning som i hovudtrekk fell saman med studieeiningar i den obligatoriske delen av allmennlærarutdanninga, kan søkje fritak for tilsvarande delar av studiet.
I Forskrift til rammeplan for allmennlærarutdanninga heiter det at utdanning som skal gje grunnlag for fritak i den valfrie delen, anten må vere skolefag (60 sp) eller fag som er relevante for arbeid som lærar i grunnskolen (60 sp), og at ei slik utdanning til vanleg skal omfatte fagdidaktikk.
Institusjonen kan gi fritak frå prøving i ei av målformene i norsk for studentar som har samisk, kvensk, norsk teiknspråk eller eit anna minoritetsspråk som morsmål og som ikkje har vurdering i begge dei norske målformene frå vidaregåande opplæring. Det same gjeld for utanlandske studentar som ikkje har vidaregåande opplæring frå Noreg. Fritaket skal førast på vitnemålet. Studentar som er fritatt frå kravet om begge målformer til eksamen, skal likevel følgje all undervisning i norsk.
Internasjonalisering
Studentar som ønskjer å ta ein del av utdanninga si i utlandet, skal først og fremst å bruke 3. eller 4. studieåret til det. Studentar som ikkje følgjer normal studieprogresjon, vil normalt ikkje få innvilga studieopphald i utlandet.
Videre utdanning
Allmennlærarutdanninga har ulike fag, og gir dermed ulike høve til seinare å byggje på eller utvide fagkrinsen. Lærarar kan utdanne seg vidare ved universitet eller høgskole.
Alle studieeiningar med omfang 30 studiepoeng i rammeplanen for allmennlærarutdanning kan nyttast til vidareutdanning for lærarar dersom dei ikkje har tatt dei same studieeiningane som del av grunnutdanninga si.
I tillegg tilbyr Høgskolen i Bergen fordjuping og vidareutdanning i mange fag. Det kan dreie seg om påbygging av fag i obligatorisk del eller nye fag på minst 30 studiepoeng. Det vil også vere mogleg å starte mastergradsstudium, avhengig av kva fag studenten tidlegare har valt.
Database oppdatert: 22.05.2013
